You're Probably Wondering Why I'm Here! med Araiz Mesanza, Izabela Żółcińska, Lucía Aragón, Mike (MUGA), Ric Francis, Yachi Shian Yuan.

Korleis er det å koma som ny til Noreg og etablera seg som kunstnar på den norske kunstscena?

Gjennom fleire år i Norge (mellom anna som student ved KHiB) har kunstnaren Kiyoshi Yamamoto sjølv opplevd kor vanskeleg situasjonen ofte er for kunstnarar med minoritetsbakgrunn.  

Til utstillinga på Hå gamle prestegard har han invitert med seg seks kunstnarar med utanlandsk bakgrunn. Yamamoto ønskjer å trengje gjennom eit system som har liten plass til desse kulturaktørane. Han seier at kunstnarane i utstillinga har meir til felles enn «bare lyst til å være i Norge». Dei har eit sterkt ønskje om å formidle kunsten deira og å vera med å bygge eit samfunn som tek kunsten og mangfaldet seriøst.

Kunstnarane er alle busette i Norge, men kjem frå Japan/Brasil, Spania, Polen, Mexico, Belgia, USA og Taiwan.

Yayamoto si grunnhaldning er inkluderande. I staden for å konfrontere satsar han heller på å forføra. Det fargesprakande, visuelle universet hans leier oss bort frå definerte kategoriar, prosjekta hans strittar mot å bli satt i bås. Ofte adresserer han utanforskap ved å viske det bort - alt kan høyre til. På Hå gamle prestegard set han sitt preg på utstillinga ved mellom anna å leggje eit knall rosa teppe i heile utstillingsalen.

Materialval er sentralt i Yamamoto sitt kunstnarskap. I utstillingsprosjekta dreg han publikum inn mot objekta, lokkar oss med fargar og teksturar, samstundes som at ein underliggande politisk og etisk haldning trer fram. Med utgangspunkt i boka On being included - Racism and Diversity in Institutional Life av Sara Ahmed, har Yayamoto denne gongen set seg føre å «hacke» kunstinstitusjonen, og bane veg for institusjonelle ramar som er meir inkluderande og mangfaldige.

Med utstillinga You’re probably wondering why I’m here (Ny i Norge) skaper og deler Yamamoto rom med ei gruppe kunstnarar som trass i utdanning og erfaring, endå slit med å få innpass i norsk kunstliv.